Har du lyst til å starte din eigen Pota Madre?
Vi ser etter fleire flinke folk som har lyst til å drive sin eigen Pota Madre rundt om i landet.
Du treng ikkje ha drive restaurant før, eller ha ein fancy CV. For oss er det viktigare at du er jordnær, likar folk, får ting gjort og har lyst til å vera med å byggje på verdiane merkevaren Pota Madre har. God mat, høy verdi for pengene, og lettvindt.
Som franchisetakar driv du din eigen Pota Madre, men slepp å finne opp alt sjølv. Du får konseptet, menyen, leverandørane, systema og erfaringane våre – og vi hjelper deg frå første idé til opning og vidare drift.
Vi har gjort mange feil på vegen sjølve. Dei slepp forhåpentlegvis du å gjere.
Kva kostar det?
Franchiseavgift: 8 % av netto omsetning.
Investeringa kjem an på om du skal starte med matvogn eller annan type lokale, og kva som allereie er på plass. Dette går vi gjennom saman før du bestemmer deg for noko.
Kven ser vi etter?
Først og fremst skikkelege folk.
Folk som bryr seg om kundane og kollegaene sine og ikkje er redde for å ta i eit tak. Du må ha lyst til å drive sjølv – og ha det litt kjekt på vegen.
Har du ein by eller plass du trur Pota Madre kunne passa? Endå betre.
Send oss nokre ord om deg sjølv og kvar du kunne tenkt deg å starte.
Det treng ikkje vere ein formell søknad. Vi tek heller ein prat og ser om vi passar saman.
Kontakt: